• Name: Vakkerstølen 31. mars 1988
  • Caption: Skjærtorsdag 31. mars 1988, kl halv ti starta fire påsketuristar frå Valldal mot vakkerstølen i frå Grønningsætra. Litt gnæse i Steindalen men elles bra turvêr. Så kom Tjønne, Ilstien, Børrebotnreset, Børrebotn og så Vakkerstølen. Der vart det matøkt i hytta før vi skreiv oss inn i manntalet. Turen gjekk vidare opp Hånådalen til Hånådalsreset forbi Bjørnvatnet og vidare heim Veslelangdalen. Vi var litt slakke i draget då vi kom heim i Langdalen i nonstida, men med eit fint turminne rikare.Ynskjer alle ei god påske/påsketur. Tekst/foto: Svein Ove Døving Tor Bjarne Grønningsæter, Einar Hoel og Asgeir Heggen framføre turisthytta på Vakkerstølen 31. mars 1988.